Ut på tur.. For ein songfugl frå kysten, er det å få synge viktig. Veks ein opp ved fjøresteinane, syng ein også med den stemmen ein har, anten det er storm eller stille. Kvar onsdag er difor medlemmar frå heile 4 øyar i kommunen parate; notane relativt sorterte, leppestiften på og kaffibordet dekka. Songfuglar både syng og flyg! Parallellen til taretausa er ikkje tilfeldig valt, ho flyg også gjerne.Ikkje så lenge etter oppstarten i 1999, byrja koret å planlegge tur til London/Reading. Val av reisemål var ikkje så vanskeleg, all den tid koret sin fyrste dirigent, Richard Powell, er engelsk. Den dyktige organisten og arrangøren, hans kontakter resulterte i ein fin miks av songoppdrag.
I 2001 gjekk Grethe Kielland og koret si ferd over Nordsjøen. Vertskoret; South Chiltern Choral Society, med Gwyn Arch i spissen, opna heimane sine og gjorde turen til ei heilt spesiell oppleving. Dagane vart krydra med lunsj i det fri, omvisning i Oxford og shopping.
I 2005 pakka jentene nok ein gong koffertane, denne gongen for ein tur østover; Budapest og Ungarn var målet. Frå hustrige sommartemperaturar på Nordvestlandet, venta ein varm sommarvind reisefylgjet då dørene på flykroppen opna seg. Sommar-sandalane fekk fort bein å gå på! Koret var så heldige å så synge i den vakre Elisabethkyrkja. Utandørskonsert i sentrum av den ungarske hovudstaden og landsby-konsert utanfor Budapest vart også fin inspirasjon undervegs. Båttur oppover Donau, spa-besøk, vinkjellar-omvisning og handleturar forringa så visst ikkje totalopplevinga.
Våren 2007 avla Taretausene "dei grøne øyane" eit musikalsk besøk. Den irske hovudstaden sine pubar og folkelege songtradisjonar tok imot oss med opne armar - og omvendt! Eigen kyrkjekonsert i den flotte "Christ Church", atriumkonsert i turist-magneten og alle ølstovers mor, Guiness Storehouse ga også Dublin-turen det musikalske kvalitetsstempelet koret ynskte. Pub-besøk med Irish Stew, Guiness og Riverdance på menyen ,kompletterte berre enda meir.
Stemne og korkaféar
Landsfestival i Ålesund, korstemner i Giske, Volda og Molde har saman med songoppdrag for ulike firma og invitasjonar til korkaféar og konsertar danna basisen for drifta av koret. Stemningsfulle julenattinéarså vel som bygdekveldar med revyinnslag er også konsept som har vore prøvde med bravur. Gjesteartistar og god traktering har heller ikkje skapt spesielt sure miner under desse arrangementa.
Pulsen på koret
Koret har gjennom 10 år utvikla seg bokstaveleg talt i takt med dirigentane . Richard Powell geleida oss gjennom "pionér-perioden". Framleis har vi glede av dei nydelege arrangementa hans. Grethe Kielland tok oss presist med vidare inn i klangens verden, berre avbrote av eit par turar innom fødestove på Åse. Då stod Jostein Maude klar med taktstokken, og koret fekk nyte godt hans udiskutable kapasitet. Flire mykje fekk vi også, organisten og songaren har eit sjeldan godt humør og definitivt eit stort musikalsk register å spele på. Grethe Kielland kom tilbake og vart hos oss eit par år til. Ho har tilført Taretausene enormt, men no ved årskiftet er det Solveig Håvik som tar over stafett-pinnen . Vi gler oss til å synge den komande distansen under hennar leiing. Sist, men ikkje minst, må hjelpedirigenten vår Ina Furnes ikkje berre nemnast, men framhevast for den uvurderleg kapasiteten ho representerar for koret. Ho har no meir enn nok frå før, og ønske eigentleg å "berre" vere ei vanleg taretaus. Koret nyt likevel kontinuerleg av hennar kompetanse både som stemmeinstruktør og dirigent.
Somewhere over the rainbow..
Kva ventar det så eit kor som Taretausene? Vi tilhøyrer ein stolt sunnmørsk tradisjon, men er likevel som eit relativt fersk tilskot å rekne samanlikna med mange andre. Uansett , i år er vi jubilanter, -10 år fyller koret i 2009. Det skal sjølvsagt feirast! Vi har likevel litt på tapetet før den tid. For å skape ytterlegare engasjement og motivasjon, har kor-konkuranse også blitt lansert som prosjekt framover. Nå er det dugnadsgjeng på The Margarets sin Sommer fest på Giske som gjelder,sjølv om det er midt i den travlaste ferietida, så skal vi klare å stable sammen nok folk til å ta seg av matserveringa.Til høsten er det kurs med THE BASIX, ei helg vi gler oss mykje til, det blir utruleg spanande.Vi kjem til å ha eit samarbeid med YTRE SULØEN, innøvinga er godt i gang. Vi skal og i gang med øvingshelgar, blåtur og julekonsert.
Året som har gått.
Vi har hatt mannekeng oppvisning i sammarbeid med Nytt&Nett, konsert i Skjonghelleren for Rotary, hatt øvingshelger, vært på kurs med Erna Berg Rogne(personlig utvikling), noen av damene har vært på organisasjonskurs i Geiranger. Vi er så heldig å ha venteliste for å komme inn i koret, opg nå er vi blir "verdenskjent" utenfor kommunen og, de vil være med fra Ålesund også, kjempegøy syns vi. Nå har vi meldt oss inn i Grasrotandelen, og vi håper på at mange vil støtte oss. Med stor aktivitet og sammarbeid med proffe musikere, så er det ikke til å stikke under en stol at koret koster og drive.
Vi takker
Vi vil også trakke alle våre gode hjelpere i år, Richard Powell, hjelpedirigent Ina Furnes, Arnfinn Vartdal og klart vår innspirerende og alltid blide dirigent Solveig Håvik. Vi skal heller ikke glemme vår dyktige og alltid tålmodige pianist Johan Sewerin.



