onsdag 10. mars 2010

Historie

Skriv ut PDF
Taretausene har sitt utspring i fjøresteinane på Alnes. Eit knippe song-glade damer hadde lenge ynskt å starte eit kor. Vi starta opp i januar 1999 med 18 medlemmar - alle saman glade amatørar. Det ryktast kor kjekt vi hadde det, og hausten same året hadde medlemsmassen auka til 38.

Namnet Taretausene oppstod med ein kar frå Sula som var på friarferd her ute mot havet. Han tykte her var så mange vakre jente ut på øyane, og kalla desse for taretauser. Då vi fekk høyre denne historia vart val av namn enkelt!

Ina Furnes dirigerte oss første halve året, men ho ville aller helst syngje og er i dag ein høgt skatta 1. sopran og hjelpedirigent. Alltid parat og positiv når koret er i knipe.